1200x628.jpg
 

Sogn og Fjordane Teater er eit regionteater med administrasjons- og produksjonslokale i Førdehuset i Førde. Teateret er eigd av fylkeskommunen og kommunen (Vestland og Sunnfjord frå 01.01.20). Sogn og Fjordane Teater var etablert i 1977 og har i dag eit budsjett på 29 millionar. Teateret har 21 fast tilsette og sysselset til saman 29 årsverk.

LEDIG STILLING
TEATERSJEF

Sogn og Fjordane Teater søkjer ein motivert og engasjerande teatersjef med ein tydeleg kunstnarisk visjon.

Den nye teatersjefen vår må ha vilje og kompetanse til å leie og vidareutvikle teateret i ei tid med mange endringar og moglegheiter. Gjennom utstrekt turnéverksemd skal Sogn og Fjordane Teater formidle scenekunst av høg kvalitet for publikum i nye Vestland fylke. Sogn og Fjordane Teater er eitt av tre nynorskteater i landet og nyttar vestnorsk målføre som scenespråk.

Sogn og Fjordane Teater LL lyser med dette ut stillinga som Teatersjef for ein åremålsperiode på 4 år, frå 01.01.2021.

Teatersjefen er kunstnarleg leiar med ansvar for den kunstnarlege profilen til teateret gjennom val av repertoar, oppfølging av det kunstnarlege arbeidet og ansvar for utviklinga av det kunstnarlege personalet.

Teatersjefen er dagleg leiar og økonomisk ansvarleg overfor styret, som har delegert ansvaret for økonomi og administrasjon til direktøren. Desse samarbeider tett og rapporterer til styret.

Sogn og Fjordane Teater søkjer ein person som har relevant erfaring frå å leie og utvikle kunstnarisk verksemd og som har interesse for og vilje til leiarskap og organisasjonsutvikling. Søkjar må ha teaterfagleg kompetanse og erfaring frå kunst- og kulturproduksjon.

Den nye teatersjefen må kunne tilby eit mangfald av framsyningar til dei ulike målgruppene teateret skal nå, innanfor dei ressursane teateret rår over. Teatersjefen må ha kulturpolitisk forståing og vilje til å gjere ein aktiv kulturpolitisk innsats lokalt, regionalt og nasjonalt. Teatersjefen må vere inkluderande, tydeleg og ha gode evner til samhandling.

Arbeidsstad er Førde. Søkjarar bør ha førarkort klasse B. Løn og andre vilkår vert fastsette etter avtale. Nærare opplysningar får ein ved å kontakte styreleiar Rasmus Mo (977 10 943) eller direktør Margunn Grytten Selvik (970 85 667).

Skriftleg søknad med CV til Sogn og Fjordane Teater LL, v/styreleiar Rasmus Mo. Sogn og Fjordane Teater LL, Angedalsvegen 5, 6800 Førde, eller post@softeater.no. Merk søknaden «Teatersjef». Ein kan også søkje via finn.no.


Søknadsfrist: 1.oktober